26. mars 2011- En dag med Kysthistorie.
Vi besøker Nordsjøfartsmuseet i Telavåg, Fjell Festning og Langøy Kystkultursenter.
 
 

Album
http://neptunbilder.neptunklubben.no/#73


Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg på øya Sotra vest for Bergen. Under 2. verdskrigen var Telavåg eit av knutepunkta i Nordsjøfarten – den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia.
26. april 1942 blei to tyske offiserar skotne av norske agentar i Telavåg. Tyskarane reagerte på dette ved å utsetja bygdefolket for alvorlege represaliar. Alle vaksne menn blei sendte til tyske konsentrasjonsleirar, medan kvinner og born blei internerte på Framnes i Hardanger. Vidare sprengde tyskarane alle hus og andre byggverk slik at bygda vart heilt utsletta.
Nordsjøfartmuseet si hovudutstilling omhandlar Telavågtragedien. Museet har også utstillingar om Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen, ein sentral person i denne trafikken. Vidare vert det vist skiftande utstillingar, som regel med krig/menneskerettar som tema. Museet har kafé og butikk. Nordsjøfartmuseet er eit godt utgangspunkt for turar i Nordsjøløypa


Foto: Pål Hoff (hus) og Norges Hjemmefrontmuseum (skøyte)

Fjell festning

Fjell festning ligg på øya Sotra vest for Bergen. Festningsanlegget vart bygd i 1942–1945 av den tyske okkupasjonsmakta for å sikra innseglinga til Bergen. Fjell festning var ein del av Atlanterhavsvollen – den tyske festningslinja som gjekk langs Atlanterhavskysten frå Nordishavet til Pyreneane. Etter 1945 tok det norske forsvaret over Fjell festning, som ein del av Kystartilleriet, og sidan som radarstasjon.
Forsvaret la ned si verksemd i 2004, same året vedtok Riksantikvaren å freda Fjell festning som eit militært kulturminne. Sotra og Øygarden Forsvarsforening nedla sidan 1990-talet mykje dugnadsarbeid for å sikra anlegget og gjera det tilgjengeleg for publikum, og fekk reist eit vernebygg over kanonbrønnen som fungerer som kafe/forsamlingslokale.

Langøy Kystkultursenter

På Langøyna på vestsida av Sotra,i ly for vind og sjødrag, finn du Langøy kystkultursenter – eit opplevingssenter som viser det tradisjonelle næringsgrunnlaget for busetnaden langs kysten: fiske, sjøbruk og jordbruk, og handel, post og telefon som attårnæring.